Hopp til hovedinnhold

Størrelsar

10. januar 2025

HTML data-attributt vert brukt for å definere størrelse på ein komponent. Komponentane kan nytte alle alle størrelsar.

Våre size-variablar (--ds-size-*) endrar seg basert på den lokale skriftstørrelsen (formel basert på em). Du kan lett endre den ved bruk av data-size for våre anbefalte størrelsar, eller definere dine eigne størrelsar ved å setje font-size i CSS.

data-size

Dette data-attributtet blir brukt for å endre størrelsar på alle komponentar under seg. Alle komponentar kan være i størrelsane, sm, md eller lg. Som standard vil md bli nytta.

<body>
<div>
<!-- Innhaldet her vil ha MD størrelsar -->
</div>
<div data-size="sm">
<!-- Innhaldet her vil ha SM størrelsar -->
</div>
</body>

Nokre komponentar har støtte for fleire størrelsar, som xs og xl. Desse størrelsane vil bli spesifisert i dokumentasjonen til komponenten, og det er anbefalt å bruke dei størrelsane som er spesifisert.

Korleis komponentar blir påverka

Me delar komponentar inn i 2 grupper for størrelsar:

  • Eksplisitt
  • Cascading

Eksplisitt

Komponentar som ikkje vil følgje størrelsen til forelderen. Desse komponentane må ha data-size satt direkte på seg.

Dette er komponentar som

  • Heading

Cascading

Denne gruppa inneheld resten av komponentane, og vil arve størrelse frå næraste forelder med data-size satt.

Rediger denne siden på Github (åpnes i ny fane)